Helse Førde - stafetten 2022 er onsdag 15. juni.
Lenger nede på sida finn du tidsskjema, informasjon om korleis ein kan delta i Helse Førde - stafetten og korleis melde på til dei ulike aktivitetane.
Tidsskjema:
1000 -1400 - 5. klasse på dagtid
1600 -1830 - Mosjonsklasse utan tid
1730 -1930 - Rakettløype for barn
1730 - 2030 - Servering av grillmat
1700 - Oppvarming v/Spenst
1715 - Opning av stafetten v/ Adm.dir. Arve Varden
1720 - Start kort barneløype
1740 - Start singelløp
1820 - Start lang barneløype
1900 - Hovudstafett
1945-2030 - Program og premieutdeling ved scena
Slik kan du vere med på Helse Førde-stafetten:
5. klasse på dagtid
Invitasjon blir sendt til skulane i Sunnfjord, påmelding klassevis i førekant. Dersom spørsmål om påmelding kontakt på tlf. nr. 57839735
Kort barneløype (ca. 600 m): Løypa går i sjukehusparken. Alle mellom 0 og 6 år kan delta. Barnevogner kan klare denne løypa. Denne løypa er utan tidtaking.
Påmelding: Møt opp ved startseglet innan kl 17:10 Starten er kl. 17:20
Påmeldingsavgift: Gratis
Premiering: Medaljar til alle som deltek.
Lang barneløype (ca. 1,3 km):
Løypa går på sjukehusområdet. Alle mellom 7 og 12 år kan delta.
Påmelding i førekant gjennom deltaker.no Frist for påmelding 13.06 kl 23:59
Påmeldingsavgift: Kr 50,-
Hent startnummer og T- skjorte ved inngangen til sjukehuset innan kl 18:00
Premiering: T-skjorte.
Rakettløype for barn:
Løypa går på sjukehusområdet. Alle barn kan delta.
Påmelding - oppmøte ved løypa. Gratis deltaking
Mosjonsklasse utan tid:
Løypa er lik hovudstafettløypa og vert gjennomført utan tidtaking i tidsrommet 16.00 og 18.30
Kan gå/springe åleine eller fleire i lag
Påmelding: Ved hovudinngangen - FSS
Påmeldingsavgift: Kr 50,-
Premiering: T - skjorte
Publikum og heiagjeng:
Alle er velkomne som publikum og heiagjeng i Helse Førde stafetten!
Singelløp (ca 6 km):
Spring heile stafettløypa sjølv. Sjå løypekart for hovudstafetten
Frist for påmelding er 13.06 kl. 23:59.
Påmeldingsavgift: Kr 200,-
Alle deltakarar får T - skjorte og grillmat
Hovudstafetten (ca 6 km):
Stafetten har seks etappar. Sjå løypekart. Laga kan melde seg på i bedrifts- eller idrettsklassen;
1. Bedriftsklassen - Dette er klassen for lag som ynskjer å spring fort eller ynskjer å nytte lenger tid på løypa
2. Idrettsklassen - Dette er klassen for lag som ynskjer å springe ekstra fort
Frist for påmelding er 13.06 kl. 23:59.
Påmeldingsavgift: Kr 1200,- pr lag,
Alle deltakarar får T - skjorte og grillmat.
Reglar for stafettlaga:
Det må vere minst to kvinner/jenter på laget - men deltakarane treng nødvendigvis ikkje tilhøyre same klasse/skule-, arbeidsplass, familie osv. Nedre aldersgrense er 12 år for å delta i hovudstafetten. Det er tillate med lag som har berre kvinner/jenter (men ikkje berre herrar) Dersom laget står i fare for ikkje å ha nok deltakarar, så kan løparar ta fleire etappar, eller supplere med løparar frå andre lag.
Premiering hovudstafett:
Hemmeleg idealtid - Det laget som er nærmast den hemmelege idealtida.
Mest kreative lag - Det laget som gjer litt utav seg i stafetten (kle seg ut, kreativt navn på laget, andre kreative påfunn)
Raskaste
lag - bedriftsklasse + 2. og 3. plass
Raskaste lag - idrettsklasse + 2. og 3. plass
Uttrekkspremiar