Om Stafetten
Helse Førde-Stafetten : Vi ynskjer å motivere og bidra til fysisk aktivitet!
Regelmessig
fysisk aktivitet gir overskot i kvardagen, og har positiv effekt på fysisk og
psykisk fysisk helse. Difor er Helse Førde ein naturleg initiativtakar og
arrangør av den årlege Stafetten som starta frå sjukehuset i Førde.
Helse
Førde-Stafetten er eit breiddearrangement, og vi ynskjer at flest mogleg skal
ha høve til å delta, uansett kva form ein er i!
Stafetten
har fleire løyper og ulike klassar. Ein kan vere med på eit stafettlag og ein
kan delta åleine, ein kan delta med eller utan tidtaking.
Sjølv
om det er eit breiddearrangement, så er konkurranse-aspektet med.
Mange
likar å konkurrere, og med startnummer på brystet får mange motivasjon til å ta
i litt ekstra for å slå ei anna avdeling eller ei anna bedrift. Slik er det.
Vi
i Helse Førde ynskjer at flest mogleg skal vere med denne dagen, uansett kva
form ein er i. Vi
vil at DU - gjennom fysisk aktivitet - skal oppleve spenning, glede, utfordring
og mestring, enten som deltakar utan tidtaking, eller i konkurransen.
For
mange er det ein siger å stille opp, og mange oppleve stor glede med å delta og
oppleve mestring saman med kollegare og vener.
Fysisk aktivitet har ei dokumentert god effekt på ei lang rekke av dei store folkesjukdommane, t.d. muskel-/skjelettlidingar, hjarte-/karsjukdom, type 2 diabetes og osteoporose. Fysisk aktivitet fremjar òg psykisk velvære og kan nyttast i behandling av angst, depresjon og andre psykiske lidingar.
Helsestyresmaktene
tilrår moderat fysisk aktivitet på ca. 150 minutt kvar veke for vaksne, og 60
min dagleg fysisk aktivitet for unge.
All
fysisk aktivitet er positivt for helsa.