Stafett-veteran stiller igjen
20.05.2022

Ståle Fossheim
Stafett-veteran
Ståle Fossheim har ti Helse Førde-stafettar bak seg.
Og
han stiller igjen på startstreken i år.
Saman med kollegar frå Vassenden skule er 40-åringen igjen klar til dyst.
- Eg er litt usikker, men eg tippar dette er min stafett nummer elleve, seier Fossheim. - Det er eit kjekt arrangement, det er sosialt og ein treff kollegane på ein litt annan måte enn i arbeidskvardagen.
Fossheim meiner sjølv at han er i brukbar form framfor konkurransen, og hevdar treningsgrunnlaget er ok.
- Eg prøver jo å halde meg i nokonlunde form, og likar å trene. Så har eg jo delteke i konkurransar som Jølster maraton og Sunnfjord Ultra. Helse Førde-stafetten er jo eit lågterskeltilbod, men det er rart med det når startnummeret er på plass - då vaknar konkuirranseinstinktet.
Han siktar seg inn på å springe nest siste etappe, og er spent på korleis det vil fungere med ny løype.
- Men uansett så er målet å gå heilt til topps på lista, så tar vi det derfrå, smiler Ståle Fossheim.
Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.
Av: Per