Ordføraren stiller til start for fjerde gong

30.05.2023

Helse Førde-stafetten blir arrangert for 16. gong i år, og torsdag 1. juni går startskotet. Stafetten er eit arrangement for alle, der folk uavhengig av alder og fysiske føresetnadar kan delta. Det er bra med påmelding til hovudstafetten, men vi har plass til fleire, både mosjonistar og andre.

Helse Førde-stafetten er eit veldig flott arrangement, som er positivt for både fysisk og psykisk helse. Eg syns det har flott symbolsk effekt at helseføretaket fokuserer på verdien av fysisk aktivitet, seier Følling.
Aktiv dame: Ordføraren likar seg godt til fjells.
Aktiv dame: Ordføraren likar seg godt til fjells.

Sjølv er ho aktiv på mange område, og har klare målsetnadar for å halde seg i fysisk aktivitet i ein hektisk kvardag. Ho trivast spesielt godt på fjellet, men når tida ikkje strekk til, tek ho seg gjerne ein tur i nærmiljøet eller på treningssenteret. I tillegg har ho ein målsetnad om å gå 10.000 skritt for dagen.

- Ser eg at eg ligg litt bakpå i høve antal skritt, kan eg legge inn ein ekstra kveldstur slik at eg kjem i mål. Det å komme seg i aktivitet og ut på tur er ein fantastisk måte å koble av på, men samstundes stimulere det til god tankeverksemd. Det er også utruleg godt å kjenne på kroppen at ein tek seg ut litt fysisk.

Følling er godt kjend med Helse Førde-stafetten, og har delteke på lagstafetten 3 gongar tidlegare.

- Eg har sprunge anker-etappen alle gongane eg har delteke, og det er rett og slett skikkelig moro å springe stafett. I år har eg litt problem med eit kne som gjer at eg dessverre ikkje kan springe, men eg skal sjølvsagt delta i mosjonsløpet, der eg kan ta det i mitt eige tempo.

Stafetten for alle

Stafetten er eit breiddearrangement, og ho er oppteken av å nå fram til alle som lurer på om dette er noko for dei.

Eg trur det er kjempeviktig å setje fokus på at stafetten er for alle, både små og store, unge og eldre – ikkje berre dei med sterkast konkurranseinstinkt. Vi har ulike føresetnadar for å stille til start, men det er plass til alle ved startstreken, og det er skikkelig kjekt.

I mosjonsløpet kan ein sjølve velje om ein vil jogge, springe, sykle eller gå gjennom løypa, og det er ikkje tidtaking. Ved å ta det som ein tur saman med nokon, vil ein få tid til gode samtalar gjennom løypa.

- Det å gjere ting saman og spele på lag med kvarandre, kan legge til rette for betre samhald og felles meistring, noko som er bra på mange måtar, seier Følling.

Til hausten er det kommuneval, og det blir nokre hektiske månadar med politisk arbeid og valkamp framover. Torsdag er det kommunestyremøte i Sunnfjord, og Følling vil utfordre alle politikarane til å delta på stafetten. Ho vil også oppmode alle andre til å stille på 1. juni.

- Eg oppmodar alle til å bruke torsdag ettermiddag til å skape gode opplevingar saman under stafetten. Dette blir ein skikkelig folkefest, og eg gler meg, avsluttar ho.

Les meir om påmelding og dei ulike løpa under stafetten her.

Velkomen til stafetten for alle!