Dei føretakstillitsvalde stiller til start på stafetten
Det er god stemning på møterommet, der dei føretakstillitsvalde er samla til møte. Nokre er på plass rundt bordet, mens andre er med digitalt på skjermen. Dei er alle samde i at Helse Førde-stafetten er eit veldig bra arrangement, og at fysisk aktivitet og folkehelse heng saman. No byrjar førebuinga til årets stafett, der dei sjølvsagt stiller med lag.

-Vi tek utfordringa vi har fått, og stiller sjølvsagt til start på stafetten, seier Lena Torsnes, Føretakstillitsvald NSF, entusiastisk.
Det er brei semje rundt bordet om at dei skal stille lag for
dei tillitsvalde, sjølv om ikkje alle detaljar er på plass om korleis dei skal
førebu seg, eller kven som skal stille på startstreken.
- Dette er eit utrulig fint sosialt initiativ,
i tillegg til at det er bra for oss reint fysisk. Det er også positivt for
Helse Førde sitt omdømme å ha eit slikt arrangement som skapar liv og røre, og bidreg
til mykje god energi, seier Thorsnes.
Eivind Standnes frå stafettkomitéen, understrekar at stafetten er eit arrangement for alle, der ein deltek på den måten ein sjølve er komfortable med. Det viktigaste er å delta, og ikkje minst ha det kjekt både på vegen fram til stafettdagen, og under sjølve arrangementet.
- Det er kjekt å gjere noko i fellesskap, og kunne motivere kvarandre til felles meistring, seier Standnes.
- Eg trenar ein del til vanleg, men springing er ikkje det eg driv mest med, så det blir nok nokre joggeøkter framover, avsluttar Lena Thorsnes.
Det er fyrste gongen denne gjengen stiller lag saman, og målet for årets stafett er å ha det kjekt i lag. På spørsmålet om dei ynskjer å utfordre nokon andre, kjem det raskt frå gjengen at dei oppfordrar HR/Stab til å stille lag.
Vi ynskjer både dei føretakstillitsvalde og alle andre lykke til med førebuingane, og velkomen til stafett!
Riktig god påske! 🐣