Ein STOR takk!

16.06.2022

Gratulerer med vel gjennomført stafett!

Vi i Helse Førde stafetten ynskjer å takke alle deltakarar som møtte opp på stafetten og gjor den så flott. Takk for ein kjekk og sosial dag! De stilte med godt humør og "gav jernet" på trass av litt regn, dette er vi takksame for.

Vi ynskjer å takke alle som var med og arrangerte, slik at det i heile tatt var mogleg å gjennomføre stafetten. Ein ekstra takk til Torstein Solset som har stått på for Helse Førde stafetten i mange år med både matservering og engarsjement.

Takk til Ola Weel Skram som stilte som artist under stafetten.

Takk til Sunnfjord kommune og Førde IL for god hjelp.

Vi er både rørt og stolte, og gler oss allereie til neste års stafett!

Av: Helse Førde stafetten