Dette er årets stafettrøye 2023
Alle deltakarane på Helse Førde-stafetten får kvar si deltakartrøye. Årets t-skjorte er sitrongul, og skikkelig frisk i fargen. Vi syns den osar av energi, og vi håpar den blir brukt når treningsøktene kallar, både gjennom heile sommaren og ellers. T-skjorta er i eit teknisk stoff som pustar godt, og eignar seg til all fysisk aktivitet.


Dersom du er ein av dei heldige som stikk av med siger i årets Helse Førde-stafett, vinn du ei lekker bomulls-trøye som viser at du deltok på stafetten i 2023. Eit skikkelig kjekt minne å ta med seg vidare!

Vi gler oss til årets stafett, og håpar både vaksne og born ynskjer
å stille til startstreken 1. juni. Fysisk aktivitet og felles meistring er noko
for absolutt alle. Vi oppfordrar deg difor til å melde på deg sjølv, bedrifta
di eller vennegjengen. Frist for påmelding er 30. mai, men det er halv pris på påmeldingsavgifta før 15. mai, så vi oppfordrar alle til å melde seg på allereie no.
Velkomen til Helse Førde-stafetten 2023!