Då er vi endelig i gang med å førebu ny Helse Førde-stafett
22.04.2022

Set av dagen/ettermiddagen 15 - juni 2022, då blir det ny Helse Førde - stafett!
Etter to år med pandeminedstenging er det veldig kjekt å endeleg vere i gang med å førebu den 15. stafetten.
Stafettkomiteen har nytta tida sidan førre stafett til å planlegge korleis stafetten skal utvikle seg vidare. Vi har fått god hjelp i dette arbeidet. Takk for gode innspel til korleis de ynskjer at stafetten skal utvikle seg vidare!
Vi har prøvd å ta med oss det "beste" frå det gamle stafettkonseptet og over til "nye Helse Førde stafetten". Vi har heile vegen hatt folkehelseperspektivet med oss i arbeidet. Dette skal vere ein stafett som høver for alle å vere med på!.
Finn den måten å delta i stafetten som høver for deg og eventuelt dei du har rundt deg. Velkommen på stafett 15 juni 2022!
Helsing Halvard (leiar for stafettkomiteen)