Stafett Blogg

Det er skikkelig stas å sjå at det er rekordstor påmelding til årets 5. klassestafett som går føre seg på dagtid torsdag 1. juni. Nærare 100 deltakarar frå 4 ulike skular er klare for stafett. Årets løype er lagt rundt sjukehusområdet, og elevane skal innom tre stasjonar undervegs i stafetten, der dei vil møte på oppgåver som er relevante...

Det er 3 veker igjen til startskotet for årets stafett går, og det er god påmelding til dei ulike løpa. Fjorårets suksess med ny barneløype og stafettløype blir vidareført, og kapasiteten blir auka for å kunne få endå fleire med på løpsfesten. Stafetten skal vere eit tilbod for alle!

Alle deltakarane på Helse Førde-stafetten får kvar si deltakartrøye. Årets t-skjorte er sitrongul, og skikkelig frisk i fargen. Vi syns den osar av energi, og vi håpar den blir brukt når treningsøktene kallar, både gjennom heile sommaren og ellers. T-skjorta er i eit teknisk stoff som pustar godt, og eignar seg til all fysisk aktivitet.

Det er god stemning på møterommet, der dei føretakstillitsvalde er samla til møte. Nokre er på plass rundt bordet, mens andre er med digitalt på skjermen. Dei er alle samde i at Helse Førde-stafetten er eit veldig bra arrangement, og at fysisk aktivitet og folkehelse heng saman. No byrjar førebuinga til årets stafett, der dei sjølvsagt stiller med...

Spin of Hope

10.03.2023

Bli med på spinning i kampen mot barnekreft, og start treninga mot årets Helse Førde-stafett. Laurdag 25. mars går Spin of Hope av stabelen på Spenst Førde mellom kl 09.00 til 12.00. Då kan du få deg ei skikkelig god treningsøkt, og samstundes bidra til viktig forskning på barnekreft. Du betalar 100 kr/timen, eller eit høgre beløp etter...

Det er i overkant av 3 månadar igjen til startskotet går for årets Helse Førde-stafett, som går av stabelen 1. juni. Påmeldinga er opna, og oppladinga til sommarens stafetteventyr kan begynne allereie no. Utfordre deg sjølv, kollegaer, venner og familie til å leite fram joggeskoa og melde seg på.

Merethe, Renate og Johanne er i gang med å planlegge opplegget for 5 klassane i Sunnfjord på stafettdagen. Dette blir bra!

DÅ går endeleg startskotet for stafetten 2023. Vi er i gong med planlegginga og håpar stafetten vert like bra som den var i 2022. Det vil bli nokre endringar, og vi gler oss til å ta dykk alle med på denne fantastiske reisa.