5. klasse på dagtid

Vi som arrangerer Helse Førde-stafetten ynskjer auka fokus mot barn og unge. Vi inviterer difor alle 5. klassane i Sunnfjord kommune til ein aktivitetsdag langs deler av løypa. Vi legg opp til eit arrangement der alle kan vere med. I tillegg til fysisk aktivitet vil elevane møte postar med ulikt fagleg innhald.


Tema for dagen vert:

  • Grunneleggande førstehjelp (ambulansestasjonen)
  • Grunnleggjande brannkunnskap (brannstasjon)
  • Sunt kosthald (ernæringsfysiologar)
  • Quiz med spørsmål frå føregåande postar

Løypa går frå Førde sentralsjukehus til Hafstadparken t/r, og gruppene kjem til tre postar kvar veg. Det vert servert eit enkelt fruktmåltid samt drikke langs løypa, men elevane må ha med eigen nistepakke og drikkeflaske denne dagen. Ta med sekk og tøy etter vær. Løypa er tilrettelagt for rørslehemma. 

Post 1. Grunnleggande førstehjelp v/ambulansearbeidarar frå Helse Førde: Frie luftvegar, sideleie og nødnummer. Vi viser elevane korleis ei moderne ambulanse er, og fortel om nokre av dei helsetenestene vi kan yte «prehospitalt».

Post 2. v/Klinisk Ernæringsfysiologar: Elevane får enkle smaksprøver basert på sunne råvarer frå Helse Førde sitt kjøkken.

Post 3. v/ Førde brannstasjon: Grunnleggjande brannopplæring, nødnummer, branntrekant. Forsøke å sløkkje brann.

Post 4 til 6. Quiz: Elevane passerer tre postar på turen tilbake til sjukehuset. Her får dei spørsmål med tema frå dei føregåande postane.

Premiering: Alle får ei t-skjorte ved oppmøte. I tillegg får beste gruppe i quizen ein premie som går til heile gruppa/klassen.

Oppmøte/Registrering Start

Oppmøte/registrering/start: frå 09:30 - Klassane bør vere organisert i grupper på rundt 12-15 elevar. Ein lærar følgjer kvar gruppe. Kvar gruppe får tildelt starttid i forkant. Vi tek sikte på at siste gruppe skal vere gjennom løypa innan klokka 13.30.

Helse Førde håpar at skulane i Sunnfjord Kommune finn dette opplegget interessant, og at de har mogelegheit til å vere med.

Påmelding

Påmelding nederst på sida. Påmeldingsfrist er 25.05.2022. Påmeldinga må innehalde tal på elevar (kor mange grupper som kjem) og kor mange lærarar som blir med. Vi ynskjer også tilbakemelding dersom det er spesielle omsyn vi bør ta med tanke på klokkeslett for skulestart/skuleslutt denne dagen.

Med dette ønskjer vi velkomen til ein aktiv og spennande dag med fokus på fysisk aktivitet, helse, moro og god læring!