
Helse Førde-stafetten
01. juni 2023
Velkommen til årets stafett!
Vi gler oss over å kunne ønske velkommen til den 16. utgåva av Helse Førde-stafetten. Opplev den gode stemninga ved start og mål ved sjukehuset i Førde, bli med i mosjonsklassa, rakettløypa, eit av barneløpa, singelløpet eller hovudstafetten. Om du ikkje har lyst å delta sjølv, kan du stille på som heiagjeng og skape god stemning for løparane ute i feltet. Det blir godt program frå scena, kiosk og servering av grillmat.
På Helse Førde-stafetten er det plass til alle! Bli med oss og lag ein mosjons-, løps- og folkefest denne ettermiddagen!
Program på stafettdagen
- Kl. 1000 -1400 - 5. klassestafett
- Kl. 1600 -1830 - Mosjonsklasse
- Kl. 1710-1730 - Vi gjer oss klar til stafett med Beate
- Kl. 1730 - Opning av årets stafett v/ Adm.dir. Arve Varden
- Kl. 1730 -1930 - Rakettløype for barn
- Kl. 1730 - 2030 - Servering av grillmat
- Kl. 1735 - Start kort barneløype
- Kl. 1750 - Start singelløp
- Kl. 1815 -1830 - Oppvarming med Beate
- Kl. 1830 - Start lang barneløype
- Kl. 1900 - Hovudstafett
- Kl. 1940-2030 - Program og premieutdeling ved scena